mandag 30. september 2013

Tale på træne - 7. oktober på biblioteket

Tale er værmor til Ragnhild, som vart gift med sonen hennar, Håkon. I ein naudssituasjon lyfta Ragnhild øksa mot værfar Didrik og drap han. Ho fekk erfare at DET VONDE DREP DU IKKJE MED ØKS

Olav Duun (1876 - 1939) frå Jøa i Namdalen dikta på nynorsk. Men han tillet seg å la trønderklangen og namdalsk måte å uttrykke seg på, avspegle seg i nynorskbruken sin. Difor er det lett å føre over hans nynorsk til namdalsk dialekt på scenen i kombinasjon med rein nynorskforteljing. 


”Tale på træne” er ein ny Duun - monolog som tek utgangspunkt i Medmennesketrilogien. Monologen opnar med ein presentasjon av Tale før ho, som hos Duun, set seg på toget og reiser sørover for å hente heim Ragnhild etter tukthuset.

Ragnhild Vannebo er ein erfaren skodespelar med røter i Namdalen. Ho er kjend som ein sterk forkjempar for nynorsken, og har ein særskild kjærleik for Olav Duun sitt forfattarskap. Vannebo har tidlegare skrivi ut monologen ”Lea på stranda”, framført i 1984 ved Nord-Trøndelag Teaterverksted, turne for Riksteatret i 1989 og ”Ragnhilds veg”, framført under ”Vestfold-festspillene” i 1998. Denne gongen vil ho gje ordet til Tale.

John Pål Inderberg er ein allsidig saksofonist med sans for eit spontant musikalsk uttrykk. Sopran- og barytonsaksofonen hans kan høyrast på ei lang rekkje plateinnspelingar. Ved sidan av si utøvande verksemd, har Inderberg vore professor ved jazzlinja på NTNU i Trondheim.

Liv Hege Nylund har regien. Ho er instruktør, skodespelar og tidlegare teatersjef ved Nord-Trøndelag Teater.

Tid: kl 19.00
Arrangør: Gruppe 65 og Duunstiftelsen
Kontaktperson: Erling Sørli, e-post: erling.sorli@lierskolen.no



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar